01.10-20.11.2011

Roar Lende

Bare-gode-venner-2-web.jpg

Haustsesongen i Bryne kunstforening opnar med maleriutstilling av Roar Lende. Lende lagar oljemaleri med utgangspunkt i fotografiske snapshots, gjerne i serier kor han til dømes utforskar vårt forhold til kunst.

Roar Lende er kjend for hyperrealistiske maleri i store format, med utgangspunkt i fotominne frå reiser og studiebesøk.  Lende arbeider tematisk, og viser i denne utstillinga fleire situasjonar der personar poserer foran ulike kunstverk. Kunstnaren leiker med kunstomgrepet i desse bileta, og  arbeida kan dermed sjåast i eit metaperspektiv (som kunst som handler om kunst). Då vert meiningslaga i bileta òg ei kinesisk eske, der kunstforeiningas galleri vert ramma for eit publikum som kan betrakta korleis Lende betraktar ein person som betraktar eit kunstverk.

Når Lende bokstavleg tala forevigar kvardagslege augneblink og set dei inn i ein gallerisamanheng, endrar han òg vår måte å sjå situasjonen. Dei fleste maleria er nye for denne utstillinga.

Les meir: Roar Lende

Previous
Previous

26.11.2011—08.01.2012 Jan Kjetil Bjørheim

Next
Next

26.02 - 3.04.2011 Birgit Eide / Aud Bækkelund