07.02—12.04.2015

Ingeborg Kvame

Slow motion

I denne utstillinga viser Kvame et utval tekstilarbeid produsert i perioden 2012 til 2014

INGEBORG KVAME (f. 1978) er biletkunstnar busett i Stavanger. Ho har ein Bachelor of Arts i maleri frå Robert Gordon University i Aberdeen, Skottland. Arbeida hennar er i samlinga til Stavanger Kunstmuseum, Haugesund Kunstforening og Royal Scottish Academy of Art & Architecture.

 

Her i regionen er Ingeborg Kvame mest kjent for sine teikningar. I dei siste åra har tekstil blitt stadig viktigare i hennar praksis. I denne utstillinga viser Kvame et utval tekstilarbeid produsert i perioden 2012 til 2014

Kvame jobbar med ein vidareføring av teikning på papir til teikning med nål og tråd – ho broderer. I kontrast til blyantstreken går broderiet inn i overflata og omfamnar materialet det behandlar. Broderiet kan framstå som et slør over biletflata, som en vill teikning med korte pennestrøk, eller som ein jamn gradient. Motiva blir sakte bygd opp, sting for sting. Ho teiknar i slow motion.

Previous
Previous

18.04—24.05.2015 Tanja Thorjussen

Next
Next

13.12.2014—01.02.2015 Jim Darbu / Torgrim Torve