27.08—02.10.2016

Solveig Landa / Anita Tjemsland

 

Utstillinga er ope
laurdag kl 12-16
sundag 13-17

Solveig Landa lager monotrykk der ho ved å ta avtrykk på kobber folie registrerer overflater ute i landskapet. Ofte går ho til stader som er ville og uframkommelege. Desse vert så klipt til former, valsa inn med farge og trykka slik at den organiske strukturen i overflata er synleg. Ho ønskjer å visa til noko urgamalt og er oppteken av mennesket si overleving i naturen. Motiva kan sjås som puslespill og ofte blir gjenstandar ho finn brukt som trykkplater. Med dette i tankane lager ho bilete av gjenstandar som me med vår kollektive hukommelse kan sjåas på som symbol for forholdet mellom menneske og mellom natur og menneske. Uttrykket hennar er enkelt og har ein poetisk tone.

Landas bilete er abstrakte. Mektige naturlandskap og naturkrefter er inspirasjon og tema. Landa har naturen som utgangspunkt og er opptatt av paradoksa og kreftene som fins der.  

Solveig Landa har si utdanning frå Montana State University og University of Washington i USA.

 

Anita Tjemsland er  oppteken av å utforska grensene mellom det abstrakte og det figurative, -det enkle og komplekse. Kvar går grensa der motivet oppløysas? Kva er det me trur me ser? Kva er det me verkeleg ser? Og kva er det me hugsar å ha sett? I bileta hennar forsøker ho å vise ein sivilisasjon som verkar som ”naturlig” og framandgjort på same tid; - med element som ein kjenner igjen som bilar og bygningar. Abstrakte element der forma samen med streken og bevegelsen vil skape eit innhald.

Ho jobbar ofte med loddebolt på plexiglass, som anten vert vist som et sjølvstendig verk eller trykt  som dyptrykk.

 

Til prosjektet som skal bli vist i Bryne Kunstforening samen med Solveig Landa er det skogen i byen, parkane, friområda rundt det urbane landskapet som vert utforska. Det kan eksempelvis vera skogen bak huset hennar, parken i Berlin eller Warszawa. 

Solveig Landa og Anita Tjemsland har arbeidsplass på Atelierhuset i Stavanger og arbeider med grafikk og skulptur.

Previous
Previous

08.10—06.11.2016 Snøfrid Hunsbedt Eiene

Next
Next

19.03—29.05.2016 Geir Egil Bergjord