26.05—17.06.2018

Frå New York til Jæren 

 

Utstillinga er ope
laurdag 12–16
sundag 13–17

Bryne kunstforening viser nyskaffingar til eiga samling.

Bryne kunstforening har ei eiga samling på 155 verk, innkjøpt eller fått i gåver gjennom dei åra kunstforeninga har eksistert. Våren 2018 viser vi eit utval av innkjøp/gåver frå dei siste 18 åra.
Dei fleste verka er laga av Rogalandskunstnarar – frå Jæren og fylket elles. Vi viser arbeid av mellom andre Jens og Karen Erland, Kjell Pahr-Iversen, Herborg Kverneland, Turid Steinsland og Sven Undheim. Motiva er henta både ute og heime. Roar Lende sitt måleri Møte i NYC inspirerte til tittelen på utstillinga og er utgangspunktet for ei ferd – Løpende med Kjell Nupen og til havs med Ellen Marie Kalvigs Ferd III – til Torvrøyk på Høgjæren.

Jens Erland (f. 1945) har utdanning frå Bergen Kunsthøyskole (1966-1969). Han har ei rekke utstillingar bak seg  i inn- og utland. Han har gjort fleie større utsmykningsoppdrag og er innkjøpt til private og offentlige samlingar nasjonalt så vel som internasjonalt. Erland har motteke fleire prisar, blant anna Norske Kunsthåndverkeres ærespris i 2017. 

 

I psykologien anvendes begrepet REFLEKSJON om bevissthetens tilbakeblikk på seg selv. Hvis kunstige intelligenser snart kan reflektere på menneskelig vis og kan stilles inn til å foreta etiske valg gjennom egen vilje, hva er det da som skiller oss fra robotene? Eller er kanskje ikke etikken det som gjør oss menneskelige, uansett; for er vi egentlig særlig suverene på området? Frå katalogtekst, Solveig Lønmo.

Utstillinga tek utgangspunkt i to kretsløp: Eit menneskeskapt nettverk som går inn og ut av kroppane og hovuda våre og eit nettverk som har klangbotn i naturen sitt.

Jens Erland har lenge arbeidd tematisk med forholdet mellom menneske og maskin og brukt element frå industrien som utgangspunkt for kunstverk. Industriviftene er kanskje dei mest kjende. 

Forholdet mellom menneske og maskin har endra seg dei siste åra. Den digitale kvardagen har fått stor plass i liva våre, og Jens Erland har denne gongen valt å kommentera denne utviklinga. 

Utstillinga er sett saman av keramiske hovud kopla til leidningar og kontrollpaneld, skulptur med utgangspunkt i industrivifter og skulpturar sett saman av filterpapir og organiske komponentar.

Utstillinga er støtta av Statens Utstillingsstipend og Norske Kunstforeninger.

Previous
Previous

07.10—07.10.2018 Jens Erland

Next
Next

21.04—13.05.2018 Line Anda Dalmar / Hilde Frantzen / Nina Bang Larsen / Kristin Velle- George