10.03—08.04.2018

Open Space 

Hennie Ann Isdahl / Lisa Pacini /
Mona K. Lalim / Christine Istad

 

Utstillinga er ope
laurdag kl 12-16
sundag 13-17

Musikkinnslag av Hanne Vasshus og kunstnarane er tilstades på opninga laurdag 10.mars kl 13:00

HENNIE- ANN ISDAHL
www.isdahl.info
Isdahl arbeider med eit utvida maleri som oppheld seg i grenseland mellom maleri og  skulptur. Fargen er ein viktig del av arbeidet hennar. Ho er utdanna frå Kunsthøgskulen i Bergen og Vestlandets kunstakademi. Isdahl har fleire gonger delteke på Høstutstillingen, Vestlandsutstillingen og Østlandsutstillingen. Ho har stilt ut i blant anna: 
Unge Kunstnernes Samfund, LNM, Oslo Kunstforening, Gøteborg Kunstmuseum, Nasjonalmuseet for Kunst, Galleri F 15, Akershus kunstsenter, Kunstnerforbundet, Lillehammer kunstmuseum, Trondheim Kunstmuseum, Bergen Kunstmuseum, Haugesund Billedgalleri, Zoellner Gallery, USA og Tromsø Kunstforening. Isdahl har utført fleire utsmykkingsoppdrag som: 
MH2 på Universitetet i Tromsø, ferdigstillast våren 2018, Amalie Skrams vidaregåande skule i Bergen, Psykologisk Institutt, UIO. Ho er innkjøpt av: LUAG Collection, PA, USA. 
Museet for Samtidskunst, Statoil Gullfaks C, Aker Stord, Bergen Kino, og av private samlarar. 
Isdahl har vore kurator for Vestlandsutstillingen og LNM si 40 år jubileumsutstilling. 
Ho er tilsett som førsteamanuensis i visuelle fag på NMBU. Isdahl har motteke ei rekke prosjekttilskot og kunstnarstipend og vart tildelt Garantiinntekt i 2008.

CHRISTINE ISTAD
www.christine-istad.no.
 Medier: foto, video og installasjon.
Separatutstillingar i utval: Henie Onstad Kunstsenter, Festivalkunstnar Moldejazz, KUBE Kunstmuseum, Galleri Trafo, Semmingsen og Kunstgalleriet. Gruppeutstillinger i utval: Galleri LNM, Bergen Kunsthall, Oslo Kunstforening, Tromsø Kunstforening, Henie Onstad Kunstsenter (seks prosjekt), Zoellner Main Gallery LUAG, Marres i Maastricht, Louisiana Art & Science Museum, Bærum Kunsthall etc. Sidan 2006 har ho hatt ei rekke studieopphald i Japan, Kina og USA og separatutstillingane er tematisk utvikla i tilknyting til materiale og inspirasjon henta frå desse reisene.  

MONA K. LALIM 
www.lalim.no
Mona K. Lalim arbeider med kunstprosjekt kor klassisk oljemaleri, foto og tredimensjonale objekt inngår i ei tematisk setting. Kunsten hennar har vorte vist i Museo Palazzo della Bonifica, Italia, Drammen Museum, Galleri LNM, Kunstnerforbundet, Henie Onstad Kunstsenter, Akershus Kunstsenter, Trøndelag Senter for Samtidskunst, Galleri Semmingsen, Tromsø Kunsthall, Sørlandets Kunstmuseum, Oslo, Ålesund  og Bærum Kunstforening, St. Annan Museum, Tyskland, Zoellner Main Gallery, USA, og ho har delteke ei rekke gonger på Høstutstillingen og Østlandsutstillingen. Lalim har utført utsmykkingar for RCCL, Royal Caribbean Cruise Lines, Bærum og Fredrikstad Kommune, og er innkjøpt av St. Annan Museet, Tyskland, Norsk Kulturråd, Cathinka Gullberg, Feiring Klinikken, Hospice Stabekk, Solvik Pleiehjem, Bærum Kommunes Kunstsamling, Kunst på arbeidsplassen, Haapag Loyd, Norsk Tillitsmann, Eiendomsspar AS, LUAG Museum Collection, PA, USA, utanom diverse private samlingar. Mona K. Lalim har motteke stipend og prosjektmidlar frå Norsk Kulturråd, Statens Kunstnerstipender, American Foundation Vederlagsfondet, Hjelpefondet og ho har vorte tildelt Statens Garantiinntekt. 

LISA PACINI 
www.lisapacini.org
Lisa Pacini er ein amerikansk kunstnar som har budd og arbeidd i Norge sidan 1985. Arbeidet hennar fokuserer primært på eigenproduserte, offentlege, stadspesifikke prosjekt. Nokre eksempel er utandørs installasjonar av speil på fasaden av Kunstnernes Hus, på tre i Slottsparken, på fasaden av Folketeaterbygningen og Regjeringsbygget. Ho har vote utvald til å delta med kunstinstallasjonar i Tyskland og Nederland. Artist in residence ved Scandinavisk Kunstnerforening, Roma og Det Amerikanske Akademiet, Roma. Ho har delteke på Høstutstillingen og Østlandsutstillingen.
Kunsten hennar er innkjøpt av bl.a.; Luag Collection, USA, Oslo Museum, Bærum Kommune, Eiendomsspar AS, Höegh Eiendom. Ho har utdanning frå Rhode Island School of Design, Yale University, SUNY Purchase i New York og Kunst-akademiet i Noreg. Pacini har motteke støtte frå Norsk Kulturråd, Vederlags-fondet, Norsk Film, Oslo Kommune, og stipend frå den Nederlandske Ambassade og den Tyske stat.

 

”Kunstnargruppa Open Space arbeider i konvergensfeltet mellom abstrakt og konkret”
Gruppa har arbeidd saman frå 2010. Dei realiserte sitt første felles kunstprosjekt i Zoellner Art Gallery i Pennsylvania, USA, 2011, etterfølgd av utstillingar i Nord-Trøndelag Fylkesgalleri, Namsos, 2012 og Tromsø Kunsthall 2012. 
Sidan 2012 har to av kunstnarane i gruppa arbeidd med kunstprosjektet Travelling SUN.

I tidlegare kunstprosjekt har gruppa arbeidd med stadspesifikke verk kor både det offentlige og det private rom har vore tema. Kunstnarane fokuserer på korleis lys, farge og arkitektur skaper interaksjon og visuell dialog i utstillingsromma, samt kobla verka opp mot romopplevingane i kvart enkelt kunstverk. Gruppa representerer individuelle, men beslekta kunstuttrykk. I Bryne kunstforening viser gruppa maleri, foto og tredimensjonale verk. Kunstnergruppa ønskjer å undersøke rom som ein ambivalent og bevegeleg størrelse i ein kulturelt spesifikk kontekst. 

Sitat frå Kjetil Røeds katalogtekst, som belyser vårt utstillingskonsept:
Kunstnergruppen Open Space arbeider i konvergensfeltet mellom abstrakt og konkret: tingene og stedene rundt oss har alltid en interface med komposisjonelle, fargemessige, teksturlige eller konseptuelle problemstillinger. Det generelle er knyttet til det spesifikke og omvendt. Christine Istad, Hennie Ann Isdahl, Mona K. Lalim og Lisa Pacini jobber på hver sin måte med serier av aktive forbindelser mellom detalj og helhet, funksjon og flate – historie og sted som arkiv og mulighet”.

Travelling SUN: 
Sidan 2012 har Christine Istad og Lisa Pacini gjort seg bemerka med det prosessrelaterte og omreisande prosjektet Travelling Sun, der ei mobil og lysande «solskive» vert frakta til område på den nordlege halvkule i mørketida. Prosjektet har til denne tid reist 12.700 km. 
I 2016 vart sola kjøpt inn til KORO og Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana. Lisa Pacini og Christine Istad har i tillegg utvikla ei rekke utandørs, stadspesifikke lysinstallasjonar.

Previous
Previous

21.04—13.05.2018 Line Anda Dalmar / Hilde Frantzen / Nina Bang Larsen / Kristin Velle- George

Next
Next

19.01—04.03.2018 Tove Kommedal og Cato Løland