12.09—06.10.2019

Kjell Folkvord
— regnbogeoske og drakeeim

Opning:
Torsdag 12.09 kl 19

Lars Ole Bergersen spelar fiolin, og kunstnaren fortel om kunstverka og viser rundt i utstillinga på opninga.

Kjell Folkvord vart oppvaksen på ein gard på Folkvord, nær Sandnes. Utdanna seg til lærar og arbeidde mange år som lærar i Odda. Jobba sidan som rektor på Ski i Akershus, og vart tilsett som rektor i Hå kommune i 2003. Men måtte seie denne jobben frå seg då han fekk eit hjerneslag, og han fekk ein retrettstilling i Hå kommune til han gjekk av med AFP i 2010. 

Han hadde malt litt sidan han var ein ung mann, i ferier, helger o.l. Den første utstillinga i 1998, viste at han hadde fått litt meir ambisjonar. Han hadde eit fruktbart samarbeid, ja nesten læretid saman med Oddakunstnaren Ragnar Grønsdal. Då han måtte slutte i rektorjobben, vart malinga hovudinteressa. Han leigde hus hos Tone og Gudmund Rangen, og i løa der innreidde Gudmund eit atelier kor han m.a. malte “Vinternatt” som er med i denne utstillinga). Frå Ronjå flytta han til London, kor han leigde seg atelierplass i Earlsfield. Og frå 2010 har malinga tatt all energien han har. 

Kjell Folkvords nettside

 

Kjell Folkvords stil er abstrakt. Det hender ein kan finne figurar på lerreta som minner om noko. I så fall er det knapt tilsikta. Svært sjeldan plasserer han bevisst attkjennelege strukturar i bileta sine. 

Han oppfattar kunst som eit språk, ein kommunikasjon. Språk ein ikkje kjenner, kan vere litt vanskelege å forstå. Ein må ofte anstrenge seg litt for å tilegne seg eit språk. Men ein kan absolutt ha utbytte av kunst sjølv om ein ikkje er kunstspesialist. “Kva er det å forstå?” spår han. Å opne opp for kjenslene er ofte viktigare når det gjeld kunsten hans. 

Som regel har han eit svært konkret utgangspunkt når han startar på eit bilete. Motiva hans er varierte. Han hadde halde på i nokre år før det gjekk opp for han at om han skulle karakterisere arbeidet sitt med eitt ord måtte det bli emosjonar. “Eg maler det eg føler, kjenslene mine. Dei er ikkje alltid like lette å forklare med ord, men i eit maleri vil ein som oftast oppfatte glede eller sinne, sorg eller lukke. 

Sjølv om maleria hans ofte har eit konkret innhald representert med fargar og figurar, er han heller tilbakehalden med å “forklare”. Det beste er, meiner han om den som ser på maleriet danner si eiga oppfatning, startar sin eigen kommunikasjon med biletet. Han har ingen ambisjonar om å påverke, overføre oppfatningar o.l., men vil gjerne at maleria hans skal lyse opp og vere eit estetisk innslag i eit rom. 

I 1990-åra vart han sterkt påverka av råskapen i krigane på Balkan. Han vart fylt av maktesløyse, og i denne malte nokre realistiske bilete av vald og naud. Men med denne erfaringa bestemte han seg for å forlate den realistiske malemåten for godt. Han ville skildre med fargar og figurar som folk kunne finne kjenslene sine att i. 

“Maleria mine er kva ein ser, men dei er også meir”, seier han og meiner at fargar og komposisjon strålar ut og framkallar, ting som ikkje er i biletet. Det kan vere minne, eit møte, eit farvel, ja det kan vere kva som helst. “Vi er alle ulike, vi har ulike røynsler, ulike legningar, ulike draumar m.m. Desse uliskapane pregar våre individuelle møte med kunst. Dette er viktigaste grunnen til at vi likar ulike bilete. Spørsmålet om kva som er det finaste biletet har mange ulike svar. Og alle er rette!”

Previous
Previous

19.10—17.11.2019 Bernhard Østebø

Next
Next

25.05—23.06.2019 Kjell Pahr-Iversen