24.01 - 23.02.2020

Kenneth Varpe

Fluid Pose

 

Varpe.png

Utstillinga Fluid Pose gir eit innblikk i ein serie som Kenneth Varpe har arbeidd med dei siste åra, der han gjennom maleriet undersøker forholdet mellom materiale og motiv, mellom avbildninga og det avbilda.

Det som framstår som nærast abstrakte motiv av pastose malingsstrøk, er i realiteten heilt flate imitasjonar. Ved første blikk kan dette kanskje oppfattast som ein ironisk lek med gestural abstraksjon, men for Varpe representerer det eit opprektig forsøk på å nærma seg noko han ikkje heilt klarer å gripa, og å finna ein måte å utforska maleriet, både formalt og mimetisk.

Serien har utvikla seg gradvis, og først og fremst i løpet av arbeidsopphald ved Skandinavisk Forening i Roma, Leveld Kunstnartun, Nordisk Kunstnarsenter Dale og ved Cite Internationale des Arts i Paris i perioden 2015-19.

Enkelte av verka er tidlegare viste i London, Oslo, Stockholm, København og seinest på Vestlandsutstillingen i fjor, men utstillinga i Bryne Kunstforening er første gong at fleire av verka vert viste saman.

Til utstillinga er det laga ein katalog med oversikt over verka, samt tekstlege bidrag av kurator Irene Campolmi og kunsthistorikar Helga Nyman.

Velkomen til opning fredag 24.januar kl 18:00

Samtale mellom kunsthistorikar Helga Nyman og Kenneth Varpe kl 18:30.

Utstillinga er støtta av Norske Kunstforeninger, og åpningsarrangementet er i samarbeid med Garborgdagar.

 

Kenneth Varpe (f.1978) har ein bachelorgrad i maleri frå Grays School of Art & Design og ein mastergrad i biletkunst frå Chelsea College of Art & Design.

Han arbeider både med video, teikning, objekt og installasjonar, men har dei siste åra konsentrert sin praksis kring maleriet. Parallelt med eigen praksis har han og vore engasjert i andre sider ved kunstinstitusjonen - har mellom anna vore med på å starte opp og driva eige prosjektrom, og har hatt fleire styreverv, seinast i Kunsthall Stavanger, og nå i Unge Kunstneres Samfund og Billedkunstnernes Vederlagsfond.

Les meir om Kenneth Varpe

Previous
Previous

07.03—05.04.2020 Brit Bøhme / Anne Knutsdatter Wille / Grethe Unstad