23.11.2013 kl 14:00

I Helheim

i helheim.jpg

I Helheim er ei prosessorientert utforsking av Arne Garborgs Haugtussa. Bak prosjektet står kunstnarane Tove Kommedal, Susanne Christensen, Kenneth Varpe og Sidsel Christensen. Symposiumet vert halde i Bryne kunstforening 23. november frå kl. 13.30 og utover kvelden. Til denne visninga er Anne-Marthe Eidseth Rygg henta inn som moderator. Eventet kombinerer verksvisning, foredrag, screenings, diskusjon, servering og musikk. Gjestedeltakarar: Bjørn Kvalsvik Nicolaysen, Kristin Sørgård, Jon Morgan Stokkeland, Kari Saanum og McCormack + Gent. Pris inkl. servering: 100/50 (studentar) Bindande påmelding til: brynekunstforening@gmail.no, innan 15.11.

helheim.jpg

Diktsyklusen Haugtussa er rekna som ei nyromantisk utforsking av det psykologiske og underbevisste, eit tidstypisk trekk for perioden då Garborg skreiv. Det ligg òg ein beisk samfunnskritikk i botn av diktet, som har gitt mange kunstnarar og litteraturvitarar stoff til tolking. Kunstnarane i I Helheim er fascinert av ei mange laga av forståing som teksten tillèt. Gjennom ein periode på fleire år har dei jamleg møttest for å lesa høgt for kvarandre og utforska korleis diktet kan brukast som katalysator for kritisk diskusjon og som strategi for produksjon av eigne, sjølvstendige verk.

Resultatet er tre unike visningskveldar, som innhaldsmesseg er svært forskjellige. I Prosjektrom Normanns vart diskusjonane og undersøkingane konkretiserte gjennom høgtlesing, installasjonar, videoar og performance. I KinoKino fungerte  den danske filmen Ordet (Th. Dreyer) som bakteppe for diktet. Kunstnarane dramatiserte òg rommet filmen vart vist i, gjennom performance, objekt og video, for slik å kommentere spenninga mellom lys og mørker som ligg både i diktet og i filmen.

Bryne kunstforening vert siste stopp for prosjektet. Her tar kunstnarane utgangspunkt i symposiet som visningsform, og inviterer til eit heilaftans event kor I Helheim vert diskutert frå ulike posisjonar. Ettermiddagen og kvelden er lagt opp med visning av kunstverk, fordrag, opplesing og diskusjonar, avbrotne av felles måltider. Publikum vert invitert til å delta og spela med i aktivitetar og kunstnariske presentasjonar, slik også deltakarane i dei antikke, greske symposia delte måltid og synspunkt gjennom mange, lange timar.

I dette siste eventet har kunstnarane spesielt samla seg om verkets forhold mellom landskap, formell språkstruktur og psykologi. Samla sett kan stikkordet vera lagdeling, slik ein òg kan lesa jordas utvikling ved å grava seg gjennom ulike sediment. Det er altså det fysiske, jærske landskapet som er utgangspunkt og referanseramme for symposiet. Eit lagdelt landskap som òg kan overføras til psykologiske lag i Haugtussa, eller korleis Garborg skriv om Veslemøys nedstiging i galskapen, og hennar visjonar. Kunstnarane brukar omgrepet sediment også til å beskrive diktverkets forhold mellom det fysisk konkrete og det fantastiske, og spennet mellom det intro- og ekstroverte – reisa innover til jordas indre og ut gjennom lag på lag i atmosfæren og vidare ut i universet.

Andre aktørar:

Forutan kunstnargruppa vil Bjørn Kvalsvik Nicolaysen, Kristin Sørgård, Jon Morgan Stokkeland, Kari Saanum og den londonbaserte kunstnarduoen McCormack + Gent ha innslag under symposiet. 

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitenskap ved UiS. Han vil snakka om "Helheimen og Haugtussa: Mennesket i ytre og indre landskap.»

McCormack + Gent (T. C. MacCormac og Martin Gent ) er kjende frå mellom anna Object Abuse, ei utforsking av samspel og maktforhold mellom subjekt og objekt, og forholdet vårt til materiale og dei gjenstandar vi omgjev oss med. Under symposiet bidreg dei med eit innslag via screening

Kari Saanum arbeider tverrkunstnerisk som forfattar og produsent av egne forestillingar i samarbeid med skuespillarar, regissørar, dansarar, koreografar, biletkunstnarar, scenografar, musikarar og komponistar. Saman med Liv Aakvik har ho tatt initiativet til og driv Generator – forum for utforskning og utvikling av ny scenetekst. Under symposiet les Saanum ein tekst av  C. G. Jung. 

Kristin Sørgård er arkeolog

Jon Morgan Stokkeland er psykiater

Paktisk:

Symposiet vert i Bryne mølle, 1. og 2. etasje, mellom kl 14.00 – 01.00, 23. november, og det er tenkt at publikum skal følgja heile eventet. Det vert servert mat undervegs, både servering og program er inkludert i prisen. Arrangementet vert annonsert i media og på facebook og har ei øvre grense på 50 deltakarar.

Samarbeidspartnarar for prosjektet er Nasjonalt Garborgsenter

I Helheim er støtta av Norsk kulturråd

 

Previous
Previous

10.09.2016 Workshop med Solveig Landa og Anita Tjemsland