28.10—19.11.2017

Njål Lunde - Noosbol

 

Utstillinga er ope
laurdag kl 12-16
sundag 13-17

Njål Lunde er utdanna ved Bergen kunstskole (1995-1997) og ved Kunstakademiet i Oslo (1997-2001). Han har hatt separatutstillingar i Haugesund Kunstforening (2007), Hå gamle prestegard (2009/2010), Galleri Henrik Gerner, Moss (2013), Ålesund Kunstforening (2013) m.m. Han har hatt fleire omfattande utsmykkingsoppdrag blant anna i Sandnes, Stavanger, Randaberg, Drammen og Oslo. Lunde er kjøpt inn av Haugesund Billedgalleri og Hå kommune. For meir informasjon om Njål Lunde: www.njallunde.com

 

Utstillingstittelen «Noosbol» er ei omskriving av omgrepet «Noosfære». «Noosfære» er eit omgrep blant anna nytta av den franske teologen og naturfilosofen Pierre Teilhard de Chardin (1881-1955). Til forskjell frå dei sfærane som har sitt opphav i naturen som; atmosfæren, biosfæren, hydrosfæren og litosfæren, kaller Chardin «noosfæren» som «sfæren av den menneskelege tanke» - det tredje trinn i jorda si utvikling, etter geosfæren og biosfæren.

Njål Lunde ser på «Noosbolet» (Bol: tilhaldsstad for dyr og insekt f.eks. ormebol, vepsebol. -wikipedia) som det dystopiske motstykket til «Noosfæren». Der Noosfæren er tanken om ei høgare form for medvit, som vil føra mennesket til nye tilstandar av fred og samhandling, leder Noosbolet tankane mot omgrep som «Hive mind», «gruppetenking», territorialitet og ekskludering. I utstillinga vil det blant anna bli vist svipenn på finér.

Utstillinga i Bryne kunstforening er første stopp av vandreutstillinga til Rogaland Fylkeskustlag, i samarbeid med Norske Kunstforeninger og Rogaland Fylkeskommune. 

Previous
Previous

25.11—17.12.2017 Dan Skjæveland

Next
Next

26.08—15.10.2017 Marisa Ferreira