28.1 - 6.3.2022

Gunnar Torvund

Song i stein, bøn i bronse, poesi i pleksiglas

Gunnar Torvund

Song i stein, bøn i bronse, poesi i pleksiglas

Kurator – Ragnhild Aamås

Utstillingsarkitektur – Håvard Sagen, Helene Kjær Bremseth og Matt Bryans

Litterært cross-over – Helge Torvund

Gløym det du har lært, dette er ikkje ei vanleg utstilling. Bryne kunstforening inviterer publikum til å bruka alle sansar for å finna fram til sin eigen oppleving av sentrale verk til ein av Norges mest kjende kunstnarar. Leita, kjenna, lukta, sjå og høyra. Torvund var nyskapande og grenselaus i val av material og materialkombinasjonar. Dette er innfallsvinkelen til kunstnarane Håvard Sagen, Matt Bryans og Helene Kjær Bremseth som i samarbeid med kurator Ragnhild Aamås har heidra Torvund med ein spesiallaga utstillingsarkitektur. Dei har henta inn material frå Jæren som går i dialog både med Gunnar Torvunds verk og hans kunstnarlege arbeidsprosessar. Det er labyrintisk skogslandskap som er under utforming, ein verkstad for uro der arbeid pågår og kor ein kan kjenna kvaelukt og skli i sagspon. Skogen har gøymestader for kunsten og jammen har forfattarane flokka seg og funne seg livd bak trestammar, Olav H Hauge, Kjartan Fløgstad, Jens Bjørneboe og Einar Økland. Skogverkstaden uro og energi har sin motpol i den andre delen av utstillinga. Her kviler «Liggjande, lyttande» på ei seng av siv og mindre arbeid og modellar har funne balansen i ei torvseng.

Tekst var eit viktig material for Gunnar Torvund og han arbeidde over tid saumlaust med bror og poet Helge Torvund. Han såg på sine arbeid som sine «teikn», sitt eige språk som han inviterte publikum til å lesa på sin måte. Helge Torvund har skrive ein tekst om brorens kunstnarskap, besøkande på utstillinga kan høyra Helge lesa.

Les Helge Torvund sin tale ved opninga av minneutstillinga over verka til Gunnar Torvund her

Les Jens Erlands minnetekst til Gunnar Torvund her

Les meir om Gunnar Torvund

Utstillinga står til 6.mars, og er eit samarbeid med Norske kunstforeninger, Time kommune, Garborgdagane og Hå kommune.
Ope laurdag 12—16 / sundag 13—17.

 

Foto av Tore Wiig

Ragnhild Aamås kuratorutsagn

Minneutstilling om Gunnar Torvund (1948–2019) på Bryne Kunstforening.

Kva skjer med kunstverka når kunstnaren døyr? Då må dei forankres i samtida på ein anna måte, omsorgsfullt og prøvande: for dei står att som framande me må lære å kjenne på nytt. Verka til Gunnar Torvund er gamle kjenningar for mange, ein har sett dei kvar for seg og på ulike stadar. Når dei samlast har dei sjansen til å la noko oppstå mellom seg som det er vanskeleg å sjå når dei står adskilde. Minnet er flyktig, og stør seg på andre sansar enn auget: på lukta, den taktile overflata, lydane som omgir kjent og ukjent, vinden som stryk nett slik mot kinnet og lagar eit trykk i huset slik at det knirkar akkurat sånn og nettopp den kottdøra opnar seg – du kjenner deg att.

Generasjonsmøtet opner opp kunstnarskapen for ein yngre generasjon. Torvund sin materialnære og kjenslevare praksis, var særeigen i den samtida han debuterte inn i prega av den innbitte naturalismen Per Palle Storm stod for i sitt lange professorat på det toneangivande Kunstakademiet i Oslo. Den materialnære, nysgjerrige og undersøkande praksisen til Torvund liknar i dag meir på dei yngre generasjonane av kunstnarar som både er interesserte i nymaterialisma, symbolverdener og kor mennesket høyrer med i eit bilete av verda som tar igjen det planetære perspektivet, og lang-tids perspektivet i geologiske tidsaldrar. Likevel er det i noko nært og tilsynelatande lite, i gjenbruken av bygningsmaterialer eller ein stein slipt i sanden, tanken tek flypunktet sitt frå.

Innan samtidsarkeologien (samtidige utgravingar der teknikkane ein har retta mot oldtiden blir retta mot eins eiga tid) har avslørt feilrapporteringar i spørreskjema samanlikna med den materielle evidensen frå ein husstands restmaterialer. Dette har gitt ein måte å kome forbi det sløret språket legger mellom oss og verda. Heller enn å ta heider vekk frå språk, så gir det oss ein ny måte å sjå og tenke på. Forfatterportretta Gunnar Torvund tilvirka, legger materielle tolkingar på språksmedane. (Utstillinga opnar langsmed Garborgdagane.)

Vi inviterer inn billedkunstnarane Håvard Sagen, Helene Kjær Bremseth og Matt Bryans til å bygge ein utstillingsarkitektur over to etager i Bryne Kunstforening, der dei går i samtale med verka til Torvund, og med det sensoriske Jærlandskapet med luktar og lydar. Roma forteller noko om tilhørigheit og samla bygger dei eit felt der underliggande tankegods, håp og draumar, vanar men også formande samfunnsmessige strukturar, kan kome til syne.

Håvard Sagen, Helene Kjær Bremset og Matt Bryans om utstillingsprosjektet og arkitekturen:

Vi har fått muligheten til å ta en reise igjennom Gunnar sine arbeider. En del av denne ferden reisen har var å besøke vårt besøk i Kviteseid hvor Gunnar bodde og arbeidet. Opplevelsen av å besøke Gunnar sitt studio preget oss ga inntrykk, et inntrykket som var uventet og inspirerende. Studioet føltes fullstendig levende til tross for Gunnars fravær. Dette stedet, disse rommene, var helt tydelig hans tankeunivers som kunstner; vi fikk vandre i en labyrint med spor og gjenstander som åpnet seg i alle mulige retninger.

Vi ønsker å ta del i og bringe videre hans enorme energi, nysgjerrighet og logikk, gjennom opplevelser i landskaper vi har til felles med Gunnar. I andre etasje i Bryne kunstforening 2.etg tar vi inn skogen fra Telemark, som var et bakteppe for Gunnar i hans studio og hjem i Kviteseid. I tredje etasje 3.etg har vi møtt Gunnar gjennom det åpne Jærlandskapet i form av torv, siv og sand.

Utstillingsarkitekturen er både inspirert av og en hyllest til Gunnar sin grenseløse kreativitet; en hyllest gjennom tre kunstnerskap. Arkitekturen er ment som en feiring av hans liv og virke, og den kunstneriske arven som lever videre gjennom oss som har fått oppleve deler av hans univers.

Bryne kunstforening takkar gode hjelparar og støttespelarar:

  • Egil Fosse - Mossige sag for entusiastisk leveranse av “skog”

  • Vidar og Else Undheim for nok torv til å fyra gjennom sju vintrar

  • Gunnleiv Garpestad for takrøyr frå Salsvatnet

  • Egil Nærland, Harald Gudmestad, Jens og Karen Erland, Håvard Nygaard, Kåre Stølsnes og Knut Flatin for utlån av verk

  • Gunnar Torvunds familie for innsats, endelaust tolmod og velvilje

  • Jens Erland og Turid Steinsland for stødig kunstnarleg blikk og rettleiing

  • Dugnadsgjengen frå BKF for hundretals dugnadstimar

  • Kverneland bil for utlån av køyredoning

  • Garborgdagar, Norske kunstforeningar, Time kommune og Hå kommune for økonomisk støtte

Gunnar Torvund

Helge Torvund. Foto av Tommy Ellingsen

Previous
Previous

28.5 - 19.6 2022 Av Jord II - Turid Steinsland