11.3 - 2.4.2023

Kirsten Opstad

Utpust

Kirsten Opstad (1978) er utdanna ved Statens Kunstakademi i Oslo og har studert konseptuell skulptur på Akademiet i Wien.

Kirsten jobber intuitivt, med parallelle prosjekter. Maleri og skulptur. Ho eksprimenterer, utforsker, går i dialog med former og ulike materialer. Det figurative og det abstrakte. Materialgleda er eit driv. Å finne, ta vare på, transformere. Ho tek utgangspunkt i eigen kvardagen. Gjenkjennelige motiv vert fanga og lyfta fram.

Utstillinga UTPUST er ein samtale mellom objekt og maleri. Det påståelige og det skjøre. Ein klesvask som tørker. Tre og natur. Knuste eggeskall og vever av gamle klær. Opstad er oppteken av korleis vi tek opp i oss og vert ein del det som omgir oss. Kaos og rytmer, gjentagelser og brå endringar som vipper oss av pinnen. Å jobbe med kunst er ein måte å lytte på, å tenke, famle. Ein absurd og oppslukende vilje til å sette spor.

Opstad er født og oppvaksen på Jæren, og har budd fire år i Japan. Hun har mottatt en rekke stipender og har hatt utstillingar i inn og utland.

Seperatutstillinger: Bryne Kunstforening/ Sandnes Kunstforening/ Galleri Briskeby/Haugesund kunstforening/ Kragerø kunstforening/ Kikut/ Ski kunstforening/ Drøbak kunstforening/ Bærum kulturhus/ Window Box, Pushwagner Galleri/ Furukis Gallery. Japan/ Galleri Nutheim/ Klepp kunstforening/ Smia Galleri/ Ryfylkets vandreutstilling/Bryne kunstforening/ Fotland mølle/ Hå gamle prestegard/ Obrestad Fyr/ Kunstakademiet Wien. Gruppeutstillinger:  Tegneforbundet/ Nordisk Kunstnersenter Dale/ Kunstnernes Hus. Høstutstillingen 132/ Galleri Briskeby/ Interkulturelt museum/ Galleri Golsa/ Brusfabrikken/ Fineart/ Parallell Vienna, Kunstraum an Schauplatz/ Avantgarden, Kunstakademiet i Trondheim med Stanger within/ Kunsthøgskolen i Oslo/ Nordmøre museum, Uncertain States Scandinavia/ Tenthaus / Borgen Museum, Hvittingfoss / Ryfylke kunstlag / Trosterudvillaen / Fine Art / Brusfarbrikken på Øya / Trosterudlåven / Ottohuset /  Sekka Borderless Space. Tokyo / Lynx / Rådhusgalleriet / Munchs vinteratelier på Ekely/  Stavanger Kunstmuseum MUST / Central Hotell /  Kunstnernes Hus Statens. Høstutstilling 123 / Cite Internationale des Arts, Paris /  Galleri 21:25 / Vika borettslag /  Badet projektrom. Husmania / Salong 100 / Vækerø Terrasse/ Bomuldsfabriken Kunsthall, Arendal /  Stenersenmuseet /  Stiftung Starke, Berlin / Astrup Fearnely Rikrit Tiravanija /  Galleri 21:24 / Galleri 21:26 /  Stavanger Kulturhus. 

Kirsten Opstad - heimeside: http://kirstenopstad.no/

Opning laurdag 11.3 kl 12 i Bryne mølle

Opningstale - John Øivind Eggesbø, rektor ved kunstskolen i Stavnger

Sang - Asbjørn Sivertsen

Utstillinga står til 2.4.2023
Ope laurdag 12—16 / sundag 13—17.

Etter opninga, er det Livsgledefestivalens "kunstløype" i samarbeid med Time kommune og Fritz Røeds venneforening. Avmarsj kl 13 frå Bryne mølle, guida tur gjennom skulpturparken langs Kongo og vidare  til Høghuset. Her er det lunsj og kåseri om kunst på Bryne ved kulturjournalist Jan Zahl. Lunsjen har ein prislapp på 230,- og for denne er det påmelding til brynekunstforening@gmail.com. Påmeldingsfrist torsdag 9.3.

Sjå også

https://www.facebook.com/events/1247053859562839/

https://www.livsgledefestivalen.no/

Previous
Previous

Natasja Askelund - You are no Good Alone

Next
Next

Siri Borge - Tanngard