20.5 - 11.6.2023

Siri Borge

Tanngard

Siri Borge (1985) er ein Stavanger-basert kunstnar som held til på Tou Atelierhus. Ho er utdanna ved kunstakademiet i Bergen og står bak ei rekkje utstillingar i både inn- og utland. Verka hennar er ofte sprunge ut av eit sterkt samfunnsengasjement. 

Borge er ein multimediakunstnar som nyttar seg av forskjellige materialar, reiskapar og teknikkar, og då gjerne i ukonvensjonelle kombinasjonar, med ein god porsjon humor. Ho utforskar alvorlege tema og samfunnsmessige problemstillingar, som ho med eit skråblikk forvaltar i arbeida sine.

Utstillinga Tanngard på Bryne er eit døme på Borges politiske engasjement, men óg hennar kjærleik for livet på kysten. Ho tek blant anna for seg livet i havet, olja, plast og norsk kultur. 

Borge er oppvaksen med jærlandskapet, og er oppteken av endringane som skjer. Ho ser at det planlagde datasenteret på Kalberg truar matjorda på Jæren, og duren frå vindturbinane tvinger jærbuane ut av heimane sine, mens propellane vengeklipper raudlista fuglar. Inngrepa er omfattande.

Naturen forsvinn rett for augo på oss, og det skjer i ein rasande fart, seier Borge. - Det er ein politisk og moralsk dragkamp mellom økonomi, natur, lokalsamfunn og dei raske teknologiske framstega som pregar tida og området me lever i.

Borge er ikkje berre oppteken av dei spora me set i jærlandskapet no og spora me kan koma til å setja i framtida, men òg dei spora som ligg bak oss, historiske spor, som krigens preg på landskapet. Spor som òg rommar ei historie om motstandskamp. Tvangsarbeidarane som laga hitlertennene, blanda dårleg sement og jobba så seint dei kunne. I dag er tennene morkne og smuldrar opp, mens Siri Borge trekk paralellar til den ideologiske roten som framleis spreier om seg i ei tid prega av konflikt og sårbarheit.  

Siri Borge – nettside: https://siriborge.com/

Meir informasjon om Siri Borge og utstillinga frå Kunst Pluss 2/22. Siste del av artikkelen. Her

Utstillingsopning på Kaizers plass ved Bryne mølle laurdag 20.5 kl 12

Performance - Siri Borge og Øyvind L på theremin og vindturbin!

Folkemusikk frå Bjerkreim på hardingfele - Gaute Hadland og Anders Sundsteigen Hana

Utstillinga står til 11.6.2023

Ope laurdag 12—16 / sundag 13—17.

Previous
Previous

Kirsten Opstad - Utpust

Next
Next

Ingrid Christiansen Krook – Scultura