23.9 – 15.10.2023

Ingrid Christiansen Krook

Scultura

Ingrid Chr. Krook er bilethoggar, klassisk bilethoggar med hammar og meisel. Ho har kunstutdanninga si frå Italia og har budd og arbeidd lenge i den italienske byen Carrara. Det er her dei bryt den edlaste kvite marmoren, det mest kostelege materialet for bilethoggarar til alle tider. Michelangelos Davids-statue er laga av marmor frå Carrara. Chr. Krook seier sjølv at det å arbeida med marmor i Carrara har sus av historie, men at byen først og fremst er ein kollektiv verkstad kor material, teknikkar og kompetanse er konsentrert og tilgjengeleg. I tillegg til kunstutdanning har ho også ein mastergrad i kunsthistorie fra Universitetet i Bergen, og ho har lang erfaring med undervisning av kunststudentar.

For kunstnaren er marmor ein viktig grunnsubstans som forankrar henne til ein lang tradisjon. Utstillinga på Bryne har fleire verk laga av marmor på klassisk vis. Men ho har også teke i bruk syntetiske material som f.eks pleksiglas og då gjerne i kombinasjon med marmor. Dei syntetiske materiala bringer lys inn i skulpturane og skaper nye kontakt- og flateinntrykk.  

Men eg vender alltid tilbake til marmor, seier Chr. Krook, marmor har eit indre lys og kvalitetar eg som bilethoggar set stor pris på.

Ho er oppteken av myter, ritual og legender, og mange vil seia at det bur magi i verka hennar, at spenningane mellom det konkrete og det abstrakte, det gamle og det nye, lyse og mørke, fangar blikk og tankar. Ho har blant anna utforska vektløyse i fleire av verka sine. Lettbeinte hundar som «tar av» frå underlaget og ein «svevande» hest som ikkje let seg kua av tyngdekrafta. Ein stor bronsevariant av hesten vil bli vist på utstillinga i Bryne mølle

Kunstnaren har hatt ei rekke utstillingar både i Italia og Norge og har vunne fleire prisar for verka sine. I ein periode hadde ho kunstnarverkstad i ein gammal trafostasjon på Storhaug i Klepp. I utstillinga som vert vist i Bryne Mølle, henter Ingrid Chr. Krook fram eit utval verk frå sin kunstnariske produksjon. Det gir eit spennande innblikk i utviklinga hennar som kunstnar, og publikum kan gjera seg kjent med verk som har stor stil- og formmessig spennvidde og eit mangfald av teknikkar og material. Utstillinga er laga på kort tid etter ei avlysing, med stort engasjement og innsats frå kunstnar, kunstsamlarar og frivillige i Bryne kunstforening.

Det vil bli ein enkel opning av utstillinga Scultura i Bryne mølle laurdag 23.09 kl 12.

Marmor, tre, bronse og andre material.

Utstillinga står til 15.10.2023

Ope laurdag 12—16 / sundag 13—17

Ekstratilbud: Møt kunstnaren / omvising i utstillinga

Torsdag 5.10 kl 19-21 - Kunstnaren er til stades for samtalar med publikum

Torsdag 12.10 kl 13-15 - Haustferie spesial, ta med familien. Omvising i utstillinga ved kunstnaren kl 13.30.

Ingrid Chr Krook vil fortelja om kunstverka, historia bak, materiala og arbeidsprosessane. Om myter og magi og lyset i marmoren, om svevande hestar og flygande hundar. 

Visning kan også avtalast med kunstnar, send sms til 408 27 425.

Previous
Previous

Siri Borge - Tanngard

Next
Next

Anita Tjemsland - Jeg er i skogen, ikke kom