AR(R)V
Signe Christine Urdal og
Evy Horpestad Tjåland
27.september - 19.oktober 2025
1.11.2025
Anna Ihle
Love Arts
Komande utstillingar
22.11 - 7.12.2025
Kunstsalong
Lokale kunstnarar
30.1 - 22.1.2026
Jørund Aase
Rotvelt - Garborgutstillinga 2026
Det som skjer — kunst og kunstnarar på Jæren
- Velg din favoritt frå kunstsamlinga. BKF er 70 år, og me vil gjerne få kunstsamlinga vår fram i lyset. Medlemmer kan få velja sin favoritt og alle favorittane vert basis for ei større utstilling i Bryne Mølle - 2.etasje 22.11-7.12.2025. Sjå meir om opplegget og kva som finnest i samlinga her. 
- Time kommune skal vedta ny kulturmiljøplan. Har du innspel? Fristen er 14.11.2025. Sjå kulturminneplanen her. 
- Bryne kunstforening gratulerer Turid Steinsland med deltaking på Høstutstillingen 2025. Meir info her. 
- Jens Erland viste utstillinga Babel som ein del av litteraturfestivalen Kapittel 2025 på Sølvberger i Stavanger. Meir infor her. 
- Bryne kunstforening er 70 år i 2025 - 22.11 åpnar me kunstsalong - ei mønstring av meir enn 35 jærske samtidskunstnarar. 
- Time kommunestyre vedtok 17.9.2025 ein justert plan for utbygging av M44 kvartalet. Bryne kunstforening har bidrege til løysingar som vart betre enn opprinnelege forslag. Likervel: M44-utbygginga blir ei gigantisk utbygging som legg Møllekvartalet og kulturverdiar i skuggen. 
- BKF hadde årsmøte torsdag 27.3.2025 kl 18 i Bryne mølle. Nytt styre, nytt profildokument - sjå her. 
