Bryne kunstforening
1955 - 2025
Bryne mølle 22.11 - 7.12.2025
Jærsk kunstsalong
Bryne Kunstforening (BKF) er 70 år i 2025. Mykje har endra seg i kunstverda sidan foreininga starta opp på 50-talet, men BKF held koken og driv aktiv kunstformidling gjennom utstillingar, arrangement og prosjekt. Det hadde me ikkje klart utan godt samarbeid med kunstnarane i nedslagsfeltet vårt. Me kan knapt tenka oss ei betre markering av dei 70 åra enn ei brei mønstring av jærske kunstnarar. Det er ein fest å få visa fram spennvidde og mangfald som utspeler seg på den jærske kunstscena i 2025. Det har blitt til ein kunstsalong som lever opp til rykta sine: - frodig, tett og kanskje litt overveldande.
Arbeida som vert vist i kunstsalongen er for sal
Kunstsalongen er kuratert av Kjersti Austdal og Sissel Ruud.
BKFs kunstsamling - Medlemmane sine favorittar
Bryne kunstforening har ei kunssamling på ca 150 verk. Samlinga er ei blanding av gåver og innkjøp frå utstillingar som foreninga har arrangert opp gjennom åra. Medemmane har plukka kvar sin favoritt frå samlinga og sagt kvifor dei har valt som dei har gjort. Dette har danna grunnlaget for ei utstilling som kanskje er utan ein rød tråd, men som på interessant vis speglar historia til foreninga.
Utstillinga er kuratert av Karin Sunderø.
Kunstsalong og utstilling er støtta av Norske kunstforeningar, Time kommune og Rogaland fylkeskommune
Utstillingskatalog her