NåDa

✨ Er du mellom 15–25 år og har lyst til å vera med på noko kreativt som faktisk handlar om staden du kjem frå?

Bryne kunstforening er valt ut til det nasjonale ungdomsprosjektet NåDa, i samarbeid med Norske Kunstforeninger. Her får ungdom jobba tett saman med ein profesjonell kunstnar for å skapa eit heilt nytt kunstprosjekt med utgangspunkt i Bryne Mølle, Kaizersplass og historia rundt Møllekvartalet.

Men dette handlar ikkje berre om kunst og “å vera flink å teikna”.

Det handlar om å utforska:
– Kva formar ein plass?
– Kven bestemmer korleis Bryne ser ut og utviklar seg?
– Kva historie tek me vare på – og kva forsvinn?
– Korleis opplever ungdom Bryne i dag?

Gjennom foto, video, lyd, kunst og eigne idéar får deltakarane vera med å skapa noko som seier noko om Bryne no – og kanskje noko om framtida òg.

Du treng ikkje erfaring med kunst frå før. Det viktigaste er at du er nysgjerrig, har tankar, idéar eller berre lyst til å vera med på noko annleis saman med andre 🙌

🎨 Prosjektkunstnar: David Lamignan Larsen
📍 Bryne / Møllekvartalet
📅 Samlingar på søndagar gjennom skuleåret 2026/27
💸 Gratis å delta
(ungdomsmedlemskap i Bryne kunstforening: 100 kr)
⚡ Begrensa plassar

Påmeldinga er open no.
📩 Send melding om du vil vera med eller ønskjer meir informasjon.

@kunstforeninger @artist_lamignan @sissel_ruud

NåDa er initiert av norske kunstforeninger og støtta av Sparebankstiftelsen.