05.09—11.10.2015

Elizabeth Croft

“Gi oss i dag vår daglige kake” undersøkjer endringar i det norske samfunnet rundt vårt forhold til arbeid, industri og luksus.

Elizabeth Croft er utdanna bachelor i kunst frå Goldsmiths College, University of London. Ho har blant anna hatt separatutstilling i Galleri Gann, Stavanger kunstforening (nå Kunsthall Stavanger) og Villa Faraldi (Italia) der ho vart tildelt Santa Catherina Arbeidsstipend av Fritz Røeds minnefond. Ho har kuratert ei rekke utstillingar og dreiv fram til 2010 sitt eige galleri saman med mannen Jan Kjetil Bjørheim på Brusand togstasjon.

 

Me lever i oljealderen og Rogaland er ein region som er spesielt prega av konsekvensane av dette. Historisk sett har rogalendingar generelt, og jærbuar spesielt vore stolte over hardt fysisk arbeid. I dag jobbar me mindre fysisk og søtmat som for 40 år sidan var rein luksus, er i dag blitt kvardagsmat.

Ho har fått løyve til å bruka Jærmuseet sitt fotoarkiv som blant anna består av mange hundre historiske bilete frå regionens industristader. Ho har brukt desse fotografia som utgangspunkt til teikningar produsert på kakefatpapir. Papiret, som har eit slags blondemønster rundt kanten, er teikn på både luksus og det billige lett tilgjengelege. 

I tillegg til blyantteikningar presenterer ho teikning med tusj av små kaker som er populære på Jæren, desse er òg laga på kakefatpapir. Ho bruker ein trompe l'oeil effekt som ho har brukt tidlegare i store installasjonar.

Ho presenterer fotografi av maskinar brukt til asfaltering som har vore svært viktig for Noregs utvikling. Desse fotografia byggjer på ein tidlegare serie kalla Oil, Rocks, Feed, der ho har laga portrett av lastebilar som gjenspeglar aktivitetar på Jæren. Etter at ho har teke fotografiet, klyppar ho bort bakgrunnen og "reingjer" maskinane. Dette for å utfordra tilskodaren til å sjå på dei som vakre objekt, i staden for å oversjå dei, eller sjå på dei som irritasjonar. Maskinane er laga for å utføra spesifikke oppgåver og for å vera effektive, kvar av dei har sin karakter, og er som eit portrett, som ein hyllest til fysisk hardt arbeid.

Previous
Previous

17.10—15.11.2015 Laila Kongevold

Next
Next

30.05—28.06.2015 Ethos/ Atle Østrem/ Anette Moi / Pøbel