17.10—15.11.2015

Laila Kongevold — vertical horizon

Bryne kunstforening er glad for å kunne presentere utstillinga [vertical horizon] / vertikal horisont med arbeid av Laila Kongevold.

Utstillinga er laga spesielt til kunstforeininga.

Laila Kongevold (f. 1970)

Kongevold har utdanninga si frå Kunstskolen i Rogaland, Statens Høgskole for Kunsthåndverk og design, Vestlandets kunstakademi og Kunsthøgskolen i Bergen. Ho er født i Stavanger, men nå busett i Fredrikstad. Kongevold har hatt ei rekke separatutstillingar og har deltatt i mange gruppeutstillingar. I tillegg har ho dei seinare åra hatt mange utsmykkingsoppdrag, mellom anna på Ælvespeilet kulturhus i Porsgrunn, Universitetet i Stavanger og Iglemyr skule i Sandnes.

Laila Kongevold nettside

 

Utstillinga er delvis planlagt på førehand og vert delvis improvisert under monteringa i veka før opning. Bortsett frå eit par lange plater som deler lokalet i to, er opphengsplatene i galleriet lagt ned på golvet. Der dannar dei plattformer og underlag for sammenstillingar av skulpturelle objekt og teppeliknande fargeflater, laga av pulvermateriale som melis, chili og sjokolade. Eit høgreist, vaklevorent ’Babelsk tårn” av brukskunstgjenstandar i tre, toppa med balanserande kuler i massivt glass, vil rage opp over fargeflatene og norske lovbøker, tilslørte med dryss av kveitemjøl, ligg som gløymde og nedstøva løfte om orden og struktur.

Samanstillinga av former, fargar og lukter skaper rom for sanseleg oppleving, men òg ettertanke. Lukta av krydder røper forbindelsar til framande kulturar. Kan det førestilla muslimske bedetepper? Relieffet – eller mønsteret – i de horisontale teppene kan kjennast att som norske pass i ulike fargar. Det norske riksvåpenet er prega inn og ein tekst i form av blindeskrift. For dei fleste sjåande vil teksten sjå ut som eit uforståeleg mønster. For blinde vil den òg vera utilgjengeleg, for om ei hand stryk over flata og prøver å avkode teksten, vil den nødvendigvis bli sletta i same stund. Kva står det der eigentleg? Er det norsk? Vissa om at teksten og mønsteret vil oppløyse seg ved berøring inviterer til refleksjon rundt språk, tilhøregheit og identitet.

’Passe partout’ – (fr. Å gå over alt.)

Kva betyr det for eit menneske å ha eit pass? Det gir innehavaren tryggheit. Han eller ho høyrer til. Samstundes er eit pass eit symbol, eit dokument som opnar for forskjellsbehandling og uetisk hierarktisk verdisetting av enkeltmenneske.

Vi er stolte av vårt norske pass. Det gir oss adgang til land i heile verda. Men kva om Norge hadde vært – eller blir – eit fattig land når oljeeventyret tar slutt? Redsla vår for å stå ved ein grensekontroll på veg til sydenferie uten gyldeg legimitasjon bleiknar samanlikna med den frykta papirlause flyktningar og asylsøkarar lever med i mange år.

Korleis ser vi som individ og samfunn på flyktningstraumen og dei menneskelege katastrofane i Middelhavet? Dei fleste flykningar møter stengte grenser og vi slepp berre inn eit fåtall. Vi vernar oss sjølv, vår velferd og vårt system – redde for det kaoset som kan oppstå om vi mistar kontrollen. Vår oljebaserte rikdom gir oss den fridomen og tryggheita vi har gløymd at vi mangla for berre 70 år sidan.

Korleis opplevest møtet med det offentlege norske systemet, lovane og byråkratiet for dei som føler seg utestengde, sårbare og i verste fall uønskte? Nokre forlater eit pulverisert og nær utviska land. Dei risikerer å bli pulverisert i papirmølla og utviska som menneske mens dei ventar på at livet skal starte. Liggande nede kan horisonten verke uoverkommeleg og fjern...

Identiteten til Bryne ligg i skjæringspunktet mellom industri og jordbruk. Oljenæringa har i snart 50 år bora vertikalt og henta opp rikdomen som dannar grunnlaget for vår velferdsstat. Samtideg har jordbruksnæringa kjempa for sin eksistens i eit horisontalt og tidkrevande perspektiv. Kampen om å bevara matjorda mot industriell utbygging og utnytting av naturområder pågår heile tida. Vårt stolte sjølvbilde er i ferd med å rivast ned frå pidestallen og det er på høg tid for oss å tenka langsikteg og ta ansvar for naturressursar og menneske, også utenfor våre eigne landegrenser.

Kongevold arbeider hovedsakeleg med installasjonar og kontekstuelle arbeid i varierande teknikkar. Språk, symbol, kommunikasjon og kommunikasjonsbrudd, grenser og samfunnsmessige endringar er sentrale omgrep i hennar virke. I arbeida stiller ho spørsmål ved etablerte sanningar og inviterer til refleksjon rundt tema kor det kanskje ikkje er samsvar mellom den faktiske situasjonen og den medieskapte røynda vi held oss til.

Gjennom kunsten prøver ho å finne rytmar, mønster og system der det tilsynelatande er fråverande. Ho utfordrar vår evne til å sortere og leite etter form og meining,  og testar ut kor lite som skal til før kommunikasjon oppstår. Det er ein ørfin balansegang; jo skjørare grunnlaget for tolkning og meinigsdanning er, desto større er risikoen for at kommunikasjonen bryt saman. Dei sårbare arbeida i ustillinga minner oss om at vi må trå varsomt.

Previous
Previous

28.11.2015—24.01.2016 Børge Lund

Next
Next

05.09—11.10.2015 Elizabeth Croft