28.11.2015—24.01.2016

Børge Lund — Lunch

Bryne kunstforening er stolt over å kunna presentera utstillinga Lunch med teikneserieskaparen Børge Lund.

Utstillinga vil visa store arbeid på vegg, teikningar, skisser, digitale print av teikneseriestriper, silketrykk m.m.

Børge Lund vaks opp i Sauda. Etter å ha teke høgare teknisk utdanning ved Delft University of Technology i Nederland, starta han i 1999 å jobba som industridesignar.

I 2007 vart teikneseriestripa Lunch til. Etter to periodar som gjesteserie i Dagbladet, starta Teknisk Ukeblad å publisere serien fast hausten 2008. Året etter fikk Lunch innpass som biserie i Pondusbladet, og fast publisering i Dagbladet.

 

Børge Lund har sidan 2009 gleda mang ein lesar med sine striper som blant anna ”Lunch”. Her tek han tak i tema som handlar om kvardagen på jobb.  Mange kan kjenna seg igjen i dei underhaldande historiane hans. Det kjennes ofte som om Lund har vore på akkurat ditt kontor og kjenner akkurat din kvardag og din kollega.


Lund fekk i 2010 Pondus-prisen på 100.000 kroner for Lunch. Desember same år gjekk han inn i eit samarbeid med Strand Comics. Sommaren 2011 ga Egmont Serieforlaget ut det første Lunch-albumet, «K-O-M-I-N-U-K-I-S-J-O-N», som på kort tid solte ut opplaget. Sommaren 2013 fekk Lunch sitt eige blad, som kom ut kvar sjette veke. Det vart den største nye teikneserieblad satsinga i Noreg sidan Pondus og Nemi i 2000 og 2002, med eit lanseringsopplag på 60 000 dei første nummera. I dag vert Lunch publisert i 100 avisar og blad i Noreg og utlandet. Dagbladet, Dagens Næringsliv, Adresseavisen, Bergens Tidende, Stavanger Aftenblad, Sydöstran (Sverige), Ekstrabladet (Danmark), Iltalehti (Finland), Publimetro (Mexico), La nacion (Costa Rica), El diario expresso (Ecuador) og El informe de David (Panama) er aviser som publiserer stripa.


Børge Lund bur med kone og tre barn i Stavanger, der han teiknar serien Lunch på fulltid. Hausten 2014 kom den første store, kronologiske Lunch-boka ut, kalt ”Sykt travelt”, som gjekk rett inn på bokhandlarnes bestselgerlister. Hausten 2015 vart den fylgt opp av bok 2, «Ikke jobb mens jeg forstyrrer». 

Next
Next

17.10—15.11.2015 Laila Kongevold