18.04—24.05.2015

Tanja Thorjussen

Utstillinga Metamorfoser utforskar fysiske forvandlingar i dyr og natur, og mentale forvandlingar i tilstander og tider.

Tanja Thorjussen er kunstnar og kurator med BFA frå Parsons The New School for Design i New York (98). Ho har òg Kuratorarbeid, Utstilling og Formidling ved Høyskolen i Telemark (08). Thorjussen har stilt ut arbeida sine i inn og utland som på Tegnerforbundet i Oslo, Spriten Kunsthall i Skien, Kjerringøy Land Art Biennale samt i Reykjavik, Zurich og New York (der ho òg budde og jobba i 10 år).

 

Thorjussen jobber i hovedsak med teikning innan tema liminalitet, det som er i limbo, eller ein mellomtilstand. Møysommlege teikningar blir til der ho tek utgangspunkt i dyreaktige skikkelsar. Overføring og transformasjon gjer ei anna tyding og ei ny oppleving enn det utgangspunktet var. Utstillinga Metamorfoser utforskar fysiske forvandlingar i dyr og natur, og mentale forvandlingar i tilstander og tider.

Ein trestamme inneheld for eksempel mykje liv. Alt frå fuglar, insekt, sopp og mose er en del av samspelet i trestammen. Det er derfor ikkje kun ein trestamme ho ser, men ein organisme som er samansett av mange komponentar, og som er i stadig endring og metamorfose.

Arbeida i utstillinga er utforsking av den fysiske metamorfosen i naturen, og den metafysiske mentale transformasjonen når forskjellige vesen forandrar seg i eit samspel.

Teikningane er utført i blyant på Arches akvarellpapir.

Previous
Previous

30.05—28.06.2015 Ethos/ Atle Østrem/ Anette Moi / Pøbel

Next
Next

07.02—12.04.2015 Ingeborg Kvame