05.03—03.04.2016

Heidi Kennedy Skjerve

 

Utstillinga er ope
laurdag kl 12-16
sundag 13-17

Heidi Kennedy SkjerveKongevold har utdanninga si frå Kunstskolen i Rogaland, Statens Høgskole for Kunsthåndverk og design, Vestlandets kunstakademi og Kunsthøgskolen i Bergen. Ho er født i Stavanger, men nå busett i Fredrikstad. Kongevold har hatt ei rekke separatutstillingar og har deltatt i mange gruppeutstillingar. I tillegg har ho dei seinare åra hatt mange utsmykkingsoppdrag, mellom anna på Ælvespeilet kulturhus i Porsgrunn, Universitetet i Stavanger og Iglemyr skule i Sandnes.

 

Utstillinga syner tusjteikningar på papir. Kryssande horisontale og vertikale linjer gjer teikningane ein repetitiv stramleik. Teikneprosessen er eit gjentakande forsøk på å koma helt ned på grunnfjellet av kva hand, linje, medium og farge kan uttrykka i si enklaste form. 

Skjerve sitt kunstnarskap er bygd rundt gjentaking og seriar.

Teikningane hennar er utført med konsentrerte skraveringer i tusj slik at farge,  det horisontale og det vertikale dannar fleire strukturelle sjikt. Med renninga som utgangspunkt, fyller kunstnaren billedflata som ein vev. Det nitidige handverket skaper ei taktil og stoffleg overflate.

Sjølv om arbeida har ei klart avgrensa ramme, er dei eit resultat av handa sin improvisasjon. Den rigide grunnstrukturen for komposisjonane er ikkje absolutt: mellom linjene i rutenettet kan ein ana det levande og intuitive. Dei strame, abstrakte arbeida rommar nesten umerkelige taktskift over tid. Fargefelta bølgjer noko, slik at fargeintensiteten aukar og avtek. Med dette blir matrisen aldri oppbrukt i Skjerves arbeid.

Previous
Previous

19.03—29.05.2016 Geir Egil Bergjord

Next
Next

19.11.2016-12.02.2017 Andreas Bøe jubileumsutstilling