20.05—25.06.2017
Å vende hjem — Signe Christine Urdal
Utstillinga er ope
laurdag kl 12-16
sundag 13-17
SIGNE CHRISTINE URDAL (født 1979) er visuell kunstnar frå Stavanger. Ho blei uteksaminert frå Oslo Fotokunstskole i 2004 etter ein bachelorgrad i sosialantropologi frå Universitetet i Oslo, og starta si karriere som assistent for Dag Alveng. Urdal arbeider hovudsakleg med fotografi, video og lyd, ofte satt saman til et heilskapleg kunstverk.
I utstillinga Å vende hjem er det mennesket sitt eksistensielle behov for å høyra til, lengsel og identitet som er tema. Ein heim er viktig for oss i kraft av å vera plassen der du bur, der du har tilbrakt din barndom, men også ein plass du kan venda tilbake til, fysisk, gjennom draumar eller i deg sjølv.