26.09 - 18.10.2020

maskin MONUMENTAL

Kay Arne Kirkebø / Tom Galta

Teikning, foto og installasjon

Me gler oss over å kunne opne dørene att til haustens første utstilling med Kay Arne Kirkebø og Tom Galta.

Arkitektur er ein fellesnemnar for begge kunstnarane. Mens Kay Arne Kirkebø har detaljrike teikningar av futuristiske bymaskinar, er Tom Galta i sine fotografi frå landbruksmiljø vend mot det grove og brutalistiske uttrykket.

Kay Arne Kirkebø (f.1979) bur og arbeider i Bergen. Han har ein mastergrad i kunst (2014) fra Kunst- og designhøgskolen i Bergen. Kirkebø jobbar hovudsakelig med teikning i bilde, -video og –bok/fanzine format. Han har hatt utstillingar i Noreg og i utlandet og fått ei rekke prisar for sine verk Kirkebø har også delteke i Haustutstillinga og publisert fleire bøker og andre publikasjonar.

Les meir om Kay Arne Kirkebø

Tom Galta har hovedfag fotografi med utdanninga frå Mancherster Metropolitan University og Kunsthøgskulen i Bergen. Han har hatt fleire separatutstillingar og delteke i gruppeutstillingar. I 2010 var han representert på Haustutstillinga.

Les meir om Tom Galta


Tom Galta

Tom galta skriv sjølv om sitt kunstnarskap og utstillinga: “Arbeidet mitt syner funksjonelle, abstrakte og brutalistiske former i jordbruksbygg. I tillegg vil eg få fram organiske og biologiske former i reiskap og maskinar.

Alt arbeid er knytta til silo, siloform og bruk av silo på ein ny og endra måte. Dette visar eg i fotografi, objekt og modeller frå 10 forskjellige gardar i Rogaland.

Driftsobjekta er ein Serigstad forhauster produsert på Bryne og seinare brukt i slåtten på garden Nordland (Heia) i Strand kommune og ei siloklo frå ein silo på Obrestad i Hå. Modellane er laga etter driftsbygg på Austbø og Dalåker på Rennesøy. Bileta er frå Risa på Rennesøy, Austre Åmøy, Sokn, Grannes, Goa I Randaberg og Gruda ved Klepp. I den visuelle utforskinga av opna og endra siloar kom det fleire abstrakte bileter til syne.  Desse bileta er trykka på sementfiberplater.

Den fyrste prototypen av rundsilo støypt i betong vart laga seint på 1800-talet i Minneapolis, Minnesota i USA av Frank Peavey og Charles F .Haglin. Det er sagt at denne konstruksjonen, både i form og måten den vart laga på, inspirerte modernistiske arkitektar som Eric Mendelsohn og Le Corbusier.

Funksjonalismen, som Le Corbusier representerer, hevdar at det er ei uløyseleg samanheng mellom bruk av eit objekt og forma til objektet. Brutalismen, ei anna retning innan modernistisk arkitektur, har navnet sitt frå bruken av rå, ubehandla betong med enkle geometriske former. Siloen rundt om på gardane i Rogaland har både funksjonelle og brutalistiske trekk og er slik i sterk slektskap med modernistisk arkitektur.

Medan mange brutalistiske bygg i urbane strok er mislikte og omdiskuterte har siloen i jordbruket ei uproblematisk rolle i kraft av arbeidsfornuft, gardskultur og nytte.

Siloforma framstår monumental og i kjølig kontrast til landskapet som gardbrukaren forvaltar så vel som dei meir biologiske og emosjonelle formene til forhausteren og silokloa.

Drivkrafta i det visuelle prosjektet er gardskultur og spenningar mellom kunst, arkitektur, form og arbeid.”

Tom Galta bur og arbeider på Rennesøy

Tom G PrintB2.JPG

Kay Arne Kirkebø

Kirkebø`s nye seperatutstilling består av detaljerike tegninger av intrikat arkitektur og tilsynelatende uendelige bylandskap. Med en presis strek tegner han utopier eller marerittaktigebyvisjoner, alt etter hvem som ser.

Det er lett å gå seg vill i tegningene hans, som betrakter, og tilsynelatende som innbygger også. Gjennom en skjematisk prosess med et egendefinert regelsett, blir instruerende arkitektur og labyrintiske strukturer skildret.

I hans animasjons arbeid utforskes grenselandet mellom det flate og romslige gjennom rytmiske linjer som kontinuerlig danner geometriske former.

Repetisjon og langsomhet er gjennomgående tema, både i det kunstneriske uttrykket og for arbeidsprosessen til Kirkebø.

kirkebo.PNG
Previous
Previous

24.10—15.11.2020 Odd Sama, Keramikk - installasjon

Next
Next

07.03—05.04.2020 Brit Bøhme / Anne Knutsdatter Wille / Grethe Unstad