07.03—05.04.2020

RESPECTARE
— å se en gang til

Brit Bøhme / Anne Knutsdatter Wille / Grethe Unstad

Opning:
laur 07.03 kl 12

Føredrag «Hvorfor er kunst viktig» av Natasja Askelund opningsdagen kl 13.

 

 Lenker til kunstnernes nettsteder:

Grethe Unstad

Anne Knutsdatter Wille 

Brit Bøhme

 

Kunstnarane seier sjølv om utstilinga:
Utstillinga er ei vidareutvikling av tematikken ”Respectare”, som vi har samarbeidd om over fleire år. 

Vi er tre biletkunstnarar busett i Bergen og jobbar med maleri, teikning, foto og objekt. Uttrykksforma spenner frå det figurative til det abstrakte, frå små intime format, til store romlege arbeid. Gjennom felles utstillingar og samarbeid vil vi utforske omgjevnadene våre og tilføre kvarandre nye impulsar. Prosjektet blir vidareutvikla gjennom ulike workshops og vi har ein open og dynamisk prosess der arbeida blir tilpassa dei ulike lokala.

Respectare ("Respekt" frå latin "respectare" – å sjå om igjen/å sjå på ny). Som tematikk tar vi utgangspunkt i det daglegdagse og nære; korleis omgjevnader i dagleglivet verkar inn på våre visuelle val og uttrykk. Ved å fokusere på sansing og opplevingar i det kunstnariske arbeidet ønsker vi å få det trivielle til å bli det spesielle. Fargar og energi er ein viktig faktor i prosjektet. I sum kan dette seiast å handle om respekt, det  vere til stades i sitt eige liv, i eigne omgjevnader. 

På same tidspunkt som opninga av utstillinga, arrangerer Time kommune ein Livsgledefestival, og opninga av utstillinga blir kopla opp mot festivalen. Livsgledefestivalen har sitt utspring frå opninga av Fritz Røed skulpturpark i 2004. Den formidlar mange uttrykk for alle aldersgrupper innan kunst, mat, samhald og natur, der inviterte og lokale aktørar deltar i ulike arrangement. I samband med montering av utstillinga kan vi ta imot besøk og workshop av skuleklassar, der vi lagar eit opplegg med utgangspunkt i tematikken til utstillinga. Vi ser klare parallellar mellom Livsgledefestivalen og prosjektet vårt ”Respectare”. Å sjå om igjen handlar om refleksjon; der daglegdagse opplevingar blir sett på nye måtar, som igjen stimulerer livsglede.

Biletkunstnar Natasja Askelund skal halde opningstalen og foredraget ”Hvorfor er kunst viktig?”. Du kan lese Askelunds opningstale HER

Vi har hatt samarbeidsprosjekt sidan 2015, og vist arbeida på ulike stader; Svalbard, Sandnes, Bergen, Risør og nå Bryne Kunstforening.

Previous
Previous

26.09—18.10.2020 maskin MONUMENTAL Kay Arne Kirkebø / Tom Galta

Next
Next

24.01—23.02.2020 Kenneth Varpe