31.1 - 23.2.2025

Livet stormar og strøymer

Ingrid Toogood
Garborgutstilling 2025

I separatutstillinga ”Livet stormar og strøymer”, presenterer Ingrid Toogood ei serie nye verk som tek heile gallerirommet i bruk. Seks monumentale måleri er plasserte på golvet, og inviterer betraktaren til å bevega seg rundt og mellom dei, i ei omgivande oppleving av kunstverka.

Toogood utforskar i desse verka tema knytte til indre uro og framandgjering. I arbeidet har ho henta inspirasjon frå skikkelsar som Enok Hove i Arne Garborgs ”Fred”, ein karakter som er plaga av djup tvil og uvisse, og som opplever ei sterk kjensle av å vera framand. På liknande vis blir Toogoods måleri prega av ein underliggjande ambivalens, der det kjende og trygge samtidig verkar merkeleg og urovekkjande. I universet hennar er det ikkje alltid gitt klare svar, og betraktaren står overfor ei verd som utfordrar forståinga.

Gjennom spegel, refleksjonar og skuggar skaper Ingrid eit visuelt språk som uttrykkjer korleis me forstår oss sjølve og vår plass i verda – alltid sett gjennom andre sine blikk eller forventningane i samfunnet. Toogood inviterer oss dermed til refleksjon, der me ikkje nødvendigvis finn klare svar, men vert klar over dei mange laga av kompleksitet som formar forståinga vår av tilværet.

Ingrid Toogood (f. 1976) er utdanna ved KHiO, institutt for farge (2002). Hennar siste separatutstillingar inkluderer “Yesterday in my Pocket”, LNM (2024), “The Four Chambers”, Tou (2023), “Spending time with my cat”, ISCA Gallery (2021), “Brother and Sister”, Kinokino (2020), “Brest”, Elephant kunsthall (2018), “You are beautiful. You are alone», Kristiansand kunsthall (2015), og ho deltok med verket «L Longed for It» på opningsutstillinga til Nasjonalmuseet i 2022. I 2023 gjennomførte Toogood to store utandørs kunstprosjekt ved Varmen og Schancheholen brannstasjon i Stavanger. Toogoods arbeidar er innkjøpt av mellom anna Nasjonalmuseet, Oslo kommunes kunstsamling, Noregs Bank, Stavangerkunstmuseum og Universitetet i Oslo.


Opning fredag 31.1 kl. 18 i Bryne mølle

Ingrid Z. Aanestad vil gjennom ei opningstale trekke linjer mellom den visuelle utstillinga til Ingrid Toogood og Garborg sine litterære verk. Ingrid Z. Aanestad (fødd 1983 i Klepp i Rogaland) er skjønnlitterær forfattar. Ho debuterte som 22-åring med romanen ”I dag er ein fin dag”, og  har sidan gitt ut ytterlegare seks romanar, to essaybøker og ei barnebok. Den siste romanen hennar er ”Ida i Italia”, som kom ut hausten 2024.

Det vert også musikalsk innslag av jazzpianist Rolf Hinderaker og bassist Øystein Eldøy.

Utstillinga heng til 23.2.2025

Ope laurdag 12—16 / sundag 13—17

Opningstale

Forfattar Ingrid Z Aanestad seier dette i opningstalen:

“Ja, her er me. Midt i livet som stormar og strøymer. Blant desse bileta som har både fred og ufred i seg. Leik og tvil. Viser oss lag på lag. Og tenk - At me kan kvila oss eller undra oss ein augneblink i opplevinga av at dei finst og gir form til nokre av alle stormane som høyrer livet på jorda til.”

Heile opningstalen finnest her.

Omtale

Kunstmeldar Trond borgen skriv i Stavanger Aftenblad 6.2.2025:

“Det er en umiddelbar visuell og fargerik friskhet som slår mot meg idet jeg går inn i lokalene til Bryne kunstforening…

…Maleriene har fått romlige hjørner, det er et tilsynelatende enkelt triks, men det fungerer nærmest på utstpekulert flott vis…

…Maleriet er ikke lenger et todimensjonalt bilde, ingen avgrensing kun av flate, men en avgrensing av rom. Dette er kjernen i Toogoods bidrag til malerkunsten, noe hun har utviklet gjennom mange år. Av dette har det blitt både interessant og god kunst.”

Sjå heile kunstmeldinga her.

Previous
Previous

Patrik Entian, Aleksi Wildhagen og Jens Hamran - Jærmaleriet -& Co.