Før etterpå
Snøfrid Hunsbedt Eiene
Bryne kunstforening 7.–29. november 2026
I utstillinga Før etterpå utforskar Snøfrid Hunsbedt Eiene måleriet som ei fysisk og levande flate. Lag på lag med måling, overmåling og avdekking skaper spor av det som har vore, og det som framleis ligg skjult. I eit spenn mellom kontroll og tilfeldige hendingar, lys og mørker, nærvær og fråvær, veks måleria fram gjennom ein langsam og utforskande prosess. Verka inviterer oss til å stanse opp, sjå nærare og oppdage det som ligg under overflata.
Om kunstnaren
Snøfrid Hunsbedt Eiene er biletkunstnar og bur og arbeider i Stavanger. Ho er utdanna ved Kunstskolen i Rogaland (1987–1989) og Vestlandets Kunstakademi i Bergen (1991–1995). Gjennom eit langt kunstnarskap har ho utvikla to tydelege, men beslekta uttrykk: abstrakte måleri og detaljrike blyantteikningar.
I måleria utforskar ho lag, teksturar og fargevalørar, medan teikningane hennar ofte tek utgangspunkt i forlatne hus, broderte tekstilar og roser. Med stor presisjon og merksemd for lys, skugge og detaljar undersøker ho det kjende og det skjulte, og korleis spor av tid og nærvær kan koma til syne i overflata.
Eiene har hatt ei rekke separatutstillingar og delteke på mellom anna Høstutstillingen, Vestlandsutstillingen og Sørlandsutstillingen. Arbeida hennar er innkjøpte av fleire kunstinstitusjonar, mellom anna Stavanger kunstmuseum, KORO og Haugesund Billedgalleri. Ho har òg motteke ei rekke kunstnarstipend gjennom karrieren.
Utstillinga er støtta av Regionale kulturfond, Rogaland fylkeskommune.
Kunstverkstad for barn og ungdom
Laurdag 28. november inviterer Bryne kunstforening barn og ungdom til kunstverkstad inspirert av utstillinga. Her blir det høve til å utforska eigne kreative idear og arbeida praktisk med abstrakt måleri. Eigen invitasjon kjem. Kunstverkstaden er støtta av Time kommune.