Søk om utstillingsplass

Bryne kunstforeining (BKF) stiller primært ut arbeid av profesjonelle kunstnarar som møter eit eller fleire av følgjande kriterier

  • Kunstfagleg utdanning på bachelor-nivå eller høgare

  • Delteke i anerkjente jurierte utstillingar, f eks Høstutstillinga, Vestlandsutstillinga m fl

  • Medlem av kunstnarorganisasjonar som har kunstfaglige opptakskriterier, f eks Norske Billedkunstnere (NBK) eller Norske kunsthåndverkerne (NK)

Det kan gjerast unntak frå desse kriteria. Sjå også BKFs siste Handlingsplan.

Arbeidet i BKF er basert på dugnad. Det er i dei fleste tilfella forventa at kunstnaren deltek i montering og andre forberedande utstillingsaktivitetar.
Marknadsføring, transport (rimelig alternativ) eine vegen og forsikring av verk i utstillingsperioden vert dekka av BKF. Ved salg tar BKF 30 % provisjon av salgspris.

Søknaden skal sendast  på e-post til soknad.brynekunstforening@gmail.com, i emnefeltet slik: Søknad om utstillingsplass og ditt namn.

Søknadsfrist er 10.2 og 10.9. Søknader vert behandla av kunstnerisk råd og som gir anbefaling til styret. Styret vedtek utstillingsprogram og endringar i dette. Normalt skjer dette innan 1. april og 1.november. Alle søkjarar får bekrefta innsending av søknad, men berre søkarar som vert antekne for utstilling vert kontakta seinare.

Me ber om at heile søknaden vert samanstilt i eit PDF-dokument som inneheld:

  • Kortfatta omtale av utstillingsprosjektet

  • CV

  • 5-10 representative foto med tittel, årstal og teknikk

  • Lenke til eventuell video eller lyd (ikkje send video og lydfiler)

Søknader som ikkje oppfyller dei nemnde kriteria og formkrava vil normalt ikkje bli behandla.