11.01—16.02.2014

Turid Steinsland — Forteljingar

Minner frå oppveksten på garden der far mellom anna laga bendler til kornbandet, og mor vaska, strauk, bøtte og rulla dukane, og la dei i fine stablar, har vore inspirasjon til arbeida Steinsland viser i Bryne Mølle.

Turid Steinsland har si utdanning frå Statens lærarskule i forming og Bergen kunsthandverkskule. Ho har hatt fleire separatutstillingar mellom anna på Hå gamle prestegard i 1991 og 2001, og Fotland Mølle i 1999 og 2005. Ho har delteke på Vestlandsutstillinga, Haustutstillinga og andre kollektive utstillingar. Steinsland har òg hatt offentlege utsmykkingar og innkjøp.

 

Turid Steinsland vaks opp i nære relasjonar til besteforeldra, og har vevd portrett av dei, og montert dei i pleksiglas.

Turid fortel med å veva i materiala sen, lin-og ulltråd. Skuggen er ein viktig del av uttrykket i vevnadane ho syner i denne utstillinga. Samspelet mellom lyset, romet og skuggen får fram forteljingane Steinsland viser; -minner, livet og draumen.

Previous
Previous

01.03—13.04.2014 Yvette Lardinois / Frank Åsnes