a SOFT DEATH, in general
Bryne mølle 18.4 - 10.5.26
Utstillinga spring ut av sterke kjensler og inntrykk etter fleire dødsfall i nære relasjonar. Warberg har fordjupa seg i tradisjonar rundt bisetjing og død, og vekslar mellom perspektivet til den etterlatne og den som skal døy – enten ufrivillig eller frivillig.
Ho utforskar både dei fysiske spora dei pårørande sit att med, som arvegods og gjenstandar frå dødsbu, og dei psykiske: sorg, sakn, minne, frustrasjon og ønskje.
I arbeida tek ho i bruk materiale og teknikkar med symbolsk tyngde, med utgangspunkt i det MJUKE og komfortable tekstile, som ein kontrast til kor «hard» døden kan opplevast.
Warberg stiller ut arbeid i tekstil, tre, perler, silketrykk, linotrykk og video.
BIO
Johanna Warberg (f. 1997) er fødd og oppvaksen i Stavanger, og er utdanna illustratør ved Kunsthøgskolen i Oslo (KHiO). Ho har arbeida som biletkunstnar, kunsthandverkar og illustratør sidan 2018, under aliaset SOSIALANTENNE.
Gjennom kunstnarskapen sin engasjerer ho seg i mental helse, samfunnsproblem og feminisme. Ho ønskjer at kunsten hennar både skal vera visuelt tiltalande og samstundes formidle saker ho opplever som viktige. Ho utforskar òg grensene for kva som blir rekna som «kunst» kontra «illustrasjon», og prøver å kombinere desse uttrykksformene på best mogleg måte.
Johanna har delteke på fleire gruppeutstillingar i både Oslo og Stavanger, mellom anna hos Kunstnerforbundet, Hadeland Glassverk, Rogaland Kunstsenter, Blank Space, Theyda Gallery (USA) og Avistegnernes Hus. Ho har òg tidlegare hatt ei duoutstilling på Fotland Mølle og ei trioutstilling på Frida Hansens Hus.
Dette er hennar første separatutstilling.
Warberg er medlem av Norske Kunsthåndverkere, Norske Billedkunstnere, Tegnerforbundet og Grafill, der ho òg har hatt verv.