Foto - Marie Sjøvold

Jørund Aase

Rotvelt

Garborgutstillinga 2026

Bryne mølle 30.1 - 22.2

I utstillinga Rotvelt tar Jørund Aase utgangspunkt i tema som sivilisasjonskollaps og meiningvakuum, sensitivitet og transformasjon. Arne Garborg var eit sensitivt menneske som kjende djupt på omveltningane som foregjekk i si tid og tok kompromisslause oppgjer med utdaterte tradisjonar og tankesett. I vår tid står krisene i kø og har kanskje nådd eit globalt eksistensielt farenivå. Utstillinga i Bryne mølle kan sjåast som eit farvel til verda slik med kjenner ho kor spørsmålet er om me kan finna ein veg vidare og kva den i så fall skal vera.  

På opninga 30.1.2026 les Øyvind Rimbereid frå Solaris korrigert. Både det eksperimelle språket i titteldiktet og postapokalyptisk tematikk har felles trekk med Jørund Aases utstilling.