KUNSTVERKSTAD FOR BARN OG UNGDOM – ABSTRAKT MÅLERI

Denne søndagen utforskar me Snøfrid Hunsbedt Eiene sine abstrakte måleri i utstillinga Før etterpå. Me hentar inspirasjon frå kunsten hennar og lagar våre eigne måleri med fargar, valørar, lag og spennande spor på lerretet. Her kan deltakarane eksperimentera og utforska!

Praktisk informasjon:

Søndag 22. november på Bryne Mølle.

Aldersgrupper, 8 plassar per gruppe:

* 1.–3. trinn: kl. 12.00–13.00

* 4.–7. trinn: kl. 13.30–15.00

* 7.–10. trinn: kl. 15.30–17.00

Påmelding: Send e-post til sisselruud1@gmail.com‍ ‍

Pris og utstyr: Gratis for medlemmar av Bryne kunstforening. Alt utstyr, inkludert lerret og akrylmåling, er inkludert. Me har forklé, men ta gjerne på klede som toler litt søl.

Ikkje medlem? Medlemskap for barn og unge kostar 100 kr per kalenderår. Bli medlem .

Kunstnar og pedagog Sissel Ruud leier verkstaden. Ved stor pågang kan me justera noko på alderen i gruppene. Tips gjerne andre som kan vera interesserte! Me gler oss til ein kreativ søndag på Bryne Mølle.

Kunstverkstaden er støtta av Time kommune.

Previous
Previous

JULEVERKSTAD I BRYNE KUNSTFORENING

Next
Next

Velkomen til kunstverkstad!