VELKOMEN TIL KUNSTVERKSTAD!

Kva er verdifullt for deg?

Bryne kunstforening inviterer barn og unge til ein kreativ kunstverkstad inspirert av utstillinga KARAT av Matilde Westavik Gaustad. Kva har verdi for deg? Eit minne, ein person, ein stad eller noko heilt anna? Med utgangspunkt i utstillinga utforskar me kart, landskap, hemmelege stader og våre eigne skattar gjennom teikning og kollasj.

Laurdag 24. oktober:

8–11 år kl. 11.00 - 13.00

12–16 år kl. 14.00 - 16.00

Stad: Bryne Mølle, 2. etasje

Kunstnar og pedagog Sissel Ruud leier verkstaden. Her får du eksperimentere med fargar og former og lage ditt eige kunstverk.

Påmelding og pris: Det er avgrensa med plasser, så påmelding er nødvendig. Send e-post til sisselruud1@gmail.com.

Kunstverkstaden er gratis, men deltakarane må vera medlem i Bryne Kunstforening. Alt materiale er inkludert. Medlemsskap for barn og ungdom under 26 år kostar 100 kr per kalenderår https://www.brynekunstforening.no/bli-medlem

Velkommen til ei kreativ stund med rom for fantasi og eigne idear!

Tips gjerne andre som kan vera interesserte! 🌟

Foto: Eivind Egeland

Next
Next

Teikneverkstad for barn og ungdom